Trond Klokset i pausen før han kom innpå mot Måndalen. Foto: GK
Trond Klokset
Trond Klokset er som kjent tilbake i Vestnes Varfjell, og no røper 29-åringen at han kan tenke seg å ta eit tak i klubben også utanfor bana. - Vestnes Varfjell er ein velorganisert klubb med godt utviklingspotensiale. Eg kan godt tenke meg å vere med og utvikle klubben vidare, seier Klokset i eit intervju med Bygdebladet onsdag.

 

- Eg er glad i fotball og vil gjerne vere aktivt med og utvikle klubben vidare. Vestnes Varfjell er ein veldriven organisasjon, som også legg ned ein stor innsats i barneidretten, legg han til.

 

Connor er ferdig utdanna lærer no i vår, og seier han vonar å få seg jobb i nærleiken. Fotball vil han halde på med, sjølv om han slit med eit kne etter ei landslagssamling i Porsgrunn frå 1999.

 

Trener Alexaner Connor seier dette om sin nye spelar etter kampen mot Måndalen: 

 

- Trond sette fart på høgrekanten vår då han kom inn etter pause. Han blir ei viktig forsterking for oss utover sesongen, og medverka også til den siste scoringa, seier Connor til Bygdebladet.