Endeleg er alvoret i gang igjen i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. Vestnes Varfjell startar likegodt med eit skikkeleg lokaloppgjer når dei ferske kretsmeistrane frå Tomrefjord kjem på besøk. Kampen skulle eigentleg ha gått i Tomrefjord, men dei gav tidleg beskjed om at grasbana ikkje ville vere klar så tidleg.

 

Vestnes Varfjell har hatt ei god sesongoppkøyring, men der også resultata har varirert ein del. Nykommarane Adrian Kosinski og Håvard Nybråten blir solide forsterkingar. Samtidig har Cedrik Andreassen og Eirik Tomren gått til Tomrefjord, slik at det blir endå fleire tidlegere Vestnes Varfjell-spelarar på motsatt banehalvdel.

 

Møt opp og få med deg årets første seriekamp!

 

Tilsvarande kamp i fjor endte 1-1, medan Vestnes Varfjell vann 2-1 i 2019. OVERSIKT OVER TIDLEGARE OPPGJER HER