Simon Kjørvik (t.v.) har gått til Træff, medan Daniel Gravdehaug har forlatt grønbuksene og gått til Volda.

To spelarar frå Vestnes har funne seg nye klubbar i haust.

Simon Kjørvik har i sommar gjennomført det som har vore ein lenge avtalt overgang til Træff. Her gjekk han rett inn på Træff 2-laget som har tidlegare Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor i apparatet sitt.

Kjørvik har blomstra i ei meir offensiv rolle for Vestnes Varfjell i år etter at heile fjoråret var prega av skader og sjukdom. Han debuterte for sin nye klubb fredag i 5-0-seieren borte mot Malmefjorden fredag i si vante back-rolle.

Ein som forsvinn ut av Træff-laget er Daniel Gravdehaug. Det var eit håp om at den raske og målfarlege kantspelaren skulle hjelpe moderklubben i haust, men han har no gått til Volda der han skal kombinere studiar med spel i 3. divisjon. 

I debuten mot Aalesund 2 vart det seier 5-0. Gravdehaug spelte vingback og markerte seg mellom anna med ein målgjevande.

Daniel Gravdehaug la ut dette bildet på Instagram etter debuten.

Me ønsker begge spelarane lukke til i sine nye klubbar.