Amund Stavem gjer «fræning» av seg. (Foto: EOIL)

Amund Stavem er tapt for Vestnes Varfjell i denne omgang. 29-åringen skal spele for divisjonskollega Elnesvågen i 2025.

Stavem har trent med Elnesvågen i vinter, og tirsdag kveld melder klubben på Instagram at dei har sikra seg sin nye nummer 10. Klubben frå Hustadvika kom på 4. plass i 4. divisjon i fjor, men som ein kuriositet må me ta med at dei ikkje greide å slå Vestnes Varfjell.

Stavem har budd i Molde dei siste åra, og får dermed litt kortare reiseveg til trening og heimekamp.

For Vestnes Varfjell blir det eit stort tap. Stavem har vore lagets kaptein i fleire sesongar og vart seinast i haust kåra til «årets spelar».

Han debuterte med storm som 16-åring i 2012 då han skåra fire mål både i 10-0-seieren borte mot Eidsvåg og då Åndalsnes vart slått 13-1 på Vestnes. Skåringane har ikkje komme like hyppig etter kvart som han har vorte flytta lenger tilbake på bana, men totalen på 86 mål på 226 kampar er likevel pent. Stavem står med det fast på ein 13.-plass på adelskalenderen fram til han kjem tilbake.

Me takkar for innsatsen til no og ønskjer lukke til i ny klubb.