Tre mål av Tommy Kanishi Andreassen sikra årets første seier då Vestnes Varfjell innvia det nylagte kunstgraset i Vestnes idrettspark med å slå Eidsvåg 3-1 fredag. Vestnes Varfjell opna sterkt og gjestane hadde meir enn nok med å halde unna. Mange gode forsøk endte utanfor før den endeleg sat då Tommy Kanishi sette ballen kontant i mål etter pasning frå Vegar Skare. Heimelaget slappa litt av på tempoet og slurvete pasningsspel gav gjestane dei kontringssjanane dei tydeligvis var komne for å ta. Brødene Brakstad storma i angrep og utlikna til 1-1 med skot kontant i nettaket frå kaptein Einar Olav Brakstad.
Vestnes Varfjell festa grepet ingen mot slutten av omgangen og Kanishi sendte igjen laget i føringa - denne gongen etter forarbeid av Amund Stavem. Stavem sjølv trefte stolpen rett før pause.
Toppskårar dei siste sesongane, Elling Olafsen, var tilbake frå skade til starten av andre omgang og såg ut til å vere ivrig etter å ta tilbake det tapte, men alle forsøk endte utanfor.
Eidsvåg låg framleis veldig lavt sjølv om dei hadde noko å ta att i målprotokollen. Det førte til mykje balltrilling på eigen halvdel for Vestnes Varfjell og dårleg tempo i kampen.
Eidsvåg hadde nær utbytta ein glipp i dei bakre rekker og hadde også ei rekke farlege hjørnespark. Dei 75 heimesupporterane som hadde møtt fram i vårsola sat nok med ei kjensle av at mål nummer tre måtte komme om denne seieren skulle sikrast. Og det kom tolv minutt før slutt. Kanishi fullførte sitt hattrick då han var først på returen etter at Olafsen først hadde forsøkt seg. Kampen vart avslutta med stor sjanse til Yngve Solevågseide og stangskot frå Markus Brudeseth.
I tillegg til tremålsskårar Kanishi var Amund Stavem lagets beste. Han måtte dessverre ut med skade etter ein time. Neste kamp er lokalderbyet mot Tomrefjord 16. mai kl 19 i Tomrefjord.
Rbnett.no om kampen | Eidsvåg om kampen | VarfjellTV: Alle måla - Heile kampen | Bilde frå kampen
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Eidsvåg 3-1 (2-1)
Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar
Fredag 12. mai 2017 kl 19
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Mål:
1-0 (21) Tommy Kanishi Andreassen
1-1 (27) Einar Olav Brakstad
2-1 (38) Kanishi
3-1 (78) Kanishi
Laget: Gabrielsen, Liabø, L Connor (Tangen 80.), Lange Male, Kjørvik - S Nerheim, Stokkeland (M Brudeseth 89), Skare - Stavem (Solevågseide 60) M Brudeseth (Olafsen 46), Kanishi (Lervik 87)
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden.
Gult kort: Stokkeland (45) og EO Brakstad (32)