Vestnes Varfjell gjesta Reknesbanen for andre gong på ei veke tirsdag kveld då laget møtte Træff 2 i juniorserien. Vestnes Varfjell vann 8-3 og fekk dermed ein viss revansj for 1-5 nederlaget mot Træff sist. Nikolai Nyheim var kampens store spelar med 6 av måla, dei to andre vart sett inn av Jørgen Hovde og Adrian Sæter. Gleden over seieren vart likevel overskygga av ein stygg skade på Jørgen Hovde. Han måtte ut med det som viste seg å vere eit kragebeinsbrot. Neste kamp er heime mot Eide onsdag 22. mai. Tabell (ikkje oppdatert)