Tomrefjord/Vestnes Varfjell tok sin andre strake seier i juniorserien då Molde FK 1 vart slått 5-1 på Tomrefjord stadion måndag kveld. Erlend Søberg gav heimelaget ei tidleg leiing, før MFK utlikna. Men to seine mål i kvar omgang sytte for ein klar seier. Håvard Taklo 2, Trym Malones Brakstad og Gunnar Vincent Lid var dei andre målskårarane for samarbeidslaget. 30 tilskuarar såg kampen som vart leia av Svale Leren, som no representerer Fiksdal/Rekdal. Kampfakta.