Kai Magne Stokkeland
Kai Magne Stokkeland
Leiar Kai Magne Stokkeland har tradisjonen tru også i år skreve eit julebrev. Her kan du mellom anna lese om saker klubben har arbeidd med i 2007 og ønskemåla for 2008. Opprykk til 3. divisjon og vidare arbeid med fleirbrukshus i Vestnes idrettspark er noko av det som opptek klubbleiinga for neste år. Les heile innlegget og sjå unikt bilde av Vestnes idrettspark sett i hegreperspektiv ved å klikke "les meir..."

Sample Image

Kjære idrettsvenner!

Eit nytt idrettsår er snart over. Vestnes Varfjell IL med sine om lag 500 idrettsaktive, brorparten av desse er born og unge, er ein viktig bidragsytar for eit godt og trygt nærmiljø. Styret i VVIL ønskjer å rette ein stor takk til alle foreldregrupper og trenarar og leiarar som legg ned utallige timar med frivillig og gratis arbeid i vårt fellesskap  rundt alle våre handball- og fotball-lag og innanfor barneidrettsgruppa sine ulike aktivitetar.

styret i VVIL har i dette året mellom anna arbeid med desse sakene:

  • arbeidd for å få ettergitt lån til Vestnes kommune på kr 325.000,-
  • Nytt nærmiljøanlegg i Vestnes Idrettspark 60x30meter
  • Framtidig lokalisering av et fleirbruksbygg i tilknyting til Vestnes Idrettspark
  • Nye inntektsmuligheter som erstatning for bortfall av VVIL sin andel av automatinntekter .
  • Planar for oppgradering av Vestneshallen med mellom anna nytt banedekke og ny delevegg
  • Organisasjonsstruktur - fotball.

Som sikkert mange har fått med seg no blei det nedrykk frå 3. divisjon for vårt unge og lovande fotballlag. Etter ein bedrøveleg start fekk laget til slutt 20 poeng, like mange poeng som Surnadal som på betre målforskjell berga plassen. VVIL må gå den tunge vegen via 4. divisjon for å kunne spele i 3 divisjon i 2009. Styret hadde ein dialog med fotballkrinsen om kriteria for opp- og nedrykk. Styret har fått med seg at mange fotballvener mellom anna her på varfjell.no har støtta oss i denne saka og dette set vi stor pris på. Det vi no kan gjere vidare er å hindre at slike situasjonar kan oppstå i NRFK mellom anna ved å gjere om gjeldande regelverk.

VVIL har to gonger i mai og oktober forsøkt ovanfor Vestnes kommune å få ettergitt gjelda på kr 325.000,- i samanheng med sluttføringa av Vestnes Idrettspark 2005. Diverre har dette ikkje lat seg gjere. Automatinntekter som idrettslaget hadde inntil 1. juli er no historie og mange av dei store prosjekta som vi dei siste åra er gjennomført er finansiert med VVIL sin andel av desse inntektene. Inntektene har også subsidiert treningsavgiftene som dei enkelte spelarar/utøvarane skal dekke ovanfor hovudlaget sine felleskostnader. VVIL har allereie tatt høgde for at dette ville skje og har auka treningsavgiftene siste 2 åra for å kompensere for dette bortfallet. Treningsavgifta for 2008 er ikkje fastsett men truleg klarar vi å halde den på 2007-nivå.

I 2007 har VVIL blitt tilført ca kr 120.000 frå billettsal på Aker Stadion. Kjell Inge Røkke har gjennom "prosjekt tilhørighet"  som også vert vidareført i 2008, klart å få  fleire til å støtte MFK og samstundes dei enkelte lokale organisasjonane mellom anna VVIL som altså er  tilført pengar som blir nytta  for og blant born og unge i idrettslaget. Vi kan ikkje anna enn å rette ein stor takk til sesongkortinnehavarane og Kjell Inge Røkke for kjærkomne bidrag og håpe på eit enno større lokalt bidrag i 2008.

ImageVVIL har ikkje klubbhus og Helland krins har ikkje eit samlingspunkt for born og unge. Vestnes Idrettshall har ingen ledig kapasitet og fotballen og spesielt dei yngre utøvarane må håpe på nok ein mild vinter. Vinteren 2007 hadde vi ein dag der anlegget vart stengt grunna snøfall. Vi får håpe at vinteren, i alle fall i låglandet, vert snøfattig også i 2008.

Det neste store løftet for idrettslaget og våre 700 medlemmer vert å samarbeide med andre lag og organisasjonar i Helland for å skape eit drivverdig og framtidsretta lokale/fleirbruksbygg utan at kommunen sine variable inntekter og manglande langsiktighet får ei for stor og medverkande rolle. Som leiar i idrettslaget har eg til slutt nokre  nyttårsønskje for 2008

  • Som satellittfotoet over  "Helland Vest"  syner, kan dette verte eit attraktivt område med stoppeffekt frå E39. Som leiar i VVIL blir mitt nyttårsønskje  at organisasjonar  innan næring, idrett, kultur og friluftsliv, i tillegg til kommunen,  kan stå saman for å  vidareutvikle dette området i åra som kjem.
  • Skal Vestnes kommune nokon gong oppleve seniorfotball på 2.-divisjonsnivå ? Mitt ønskje for det neste året vert at alle eldsjeler i barne- og ungdomsfotballen og på seniornivå ser nytteverdien av eit samarbeid innan seniorfotballen for å nå dette målet og samstundes bli meir attraktiv samarbeidspartnar for sponsorar. Kan vi klare dette?

Til slutt vil eg nok ein gong  ynskje alle aktive, trenarar, leiarar, foreldregrupper og styremedlemmar ei god jul og eit godt og rikt idrettsår.

Kai M Stokkeland,
leiar VVIL