To nye rundevinnarar i 3.-divisjonstippinga her på varfjell.no vart klare denne veka.

Både runde 12 og 13 er no komplett. Runde 12 vart vunne av BjarteBest10, alias Bjarte Steinsbu frå Brattvåg. Han prikka inn heile to fempoengarar og 12 poeng totalt, fem meir enn nestemann, Jon Ragnar "Rabben" Halkjelsvik. Stillinga i runde 12 >>

I runde 13 var det tettare i toppen. Her vann Mr. Bryn, Jo-Petter "Joppe" Nerlandsrem med 11 poeng og med eit topptips (5 poeng). Lars Jørgen Skjegstad følgde poenget bak. Stillinga i runde 13 >>

I samandraget har fjorårsvinnar Ole Marius Sæter igjen tatt føringa. Stillinga etter 13 runder >>

Ikkje gløym å tippe kampane i helga og husk at du no også kan legge inn bilde, favorittlag og diverse andre opplysningar i din brukarprofil. Lukke til!