Kjetil Rekdal fullførte oppdraget med å berge eliteserieplassen for Aalesund då laget også vann den andre kvalifiseringskampen mot Sogndal onsdag med 3-1 og dermed 7-2 samanlagt. Under Rekdal si leiing er AaFK forandra til eit lag med stor vinnarvilje, og det er berre å gratulere med vel utført bergingsjobb. Mange vestnesingar tar turen også til Color Line for å sjå toppfotball og då var det vel greit at ein vestnesing sikra underhaldninga også til neste år. Nye lokaloppgjer mot Molde er også noko alle ser fram til. Resultatet onsdag betyr også at det berre er å gjere klart for kvalifiseringskampane mellom AaFK 2 og MFK 2 om retten til å spele i 2. divisjon neste år.