Frå fjorårets kamp mo Dahle.

Vestnes Varfjell tar imot Dahle til kamp i Vestnes idrettspark fredag.

Her håper laget å følge opp den gode avslutninga på kampen mot Elnesvågen sist. Samtidig er det ein ny sjanse til å stoppe ein dårleg heimetrend. Laget står med null poeng på eige kunstgras så langt i sesongen. Faktisk har det ikkje vorte seier heime sidan Hjelset-Kleive vart slått  i april i fjor! Siste heimepoeng kom for eitt år sidan, då det vart 2-2 mot Eide 26. mai 2023.

Møt opp og støtt laget i kamp om poenga. Avspark er klokka 19 i Vestnes idrettspark og det blir som vanleg open kiosk, speakerteneste og god stemning.