
MFK-spelarane kjem for å prometere sesongkortsalget på Aker stadion som Vestnes Varfjell tar del i. Dei skal også ha ein fotballskule for 10-12-åringar før kampen.
I sjølve kampen er det venta tøff motstand frå Molde-laget som er forsterka sidan laget såvidt berga plassen i 3. divisjon i fjor med berre 15 poeng totalt. Bendik Hareide har fått Per Olav Inderhaug og Tarje Nordstrand Jacobsen (MFK-direktøren) med seg på midtbana. Begge har erfaring frå eliteserien. Laget vann heile 4-0 heime mot Surnadal i første kamp.
For andre kamp på rad blir det kvinneleg dommar for Vestnes Varfjell. Christina Pedersen frå Åndalsnes skal leie kampen. Ho debuterte nyleg som dommar i internasjonle oppdrag og blir rekna mellom dei fremste dommartalenta på kvinnesida i Norge.
Det blir ikkje noko direkteoppdatering frå kampen, men bilder frå hendinga skal dukke opp i MMS-bloggen etter kvart.
Sluttresultatet dukkar truleg først opp her.