ImageI kveld blir det avgjort kva divisjon Vestnes Varfjell spelar i neste sesong. Seier for Træff i kvalifiseringa til 2. divisjon betyr at Vestnes Varfjell beheld plassen i 3. divisjon. Grønbuksene har ein 2-1-seier å gå på føre kveldens avgjerande kamp. Avspark er klokka 19 på Reknesbanen, og mange frå Vestnes kjem til å ta turen for å støtte Træff. Træff var best i kampen på Color Line fredag, men det er venta at AaFK 2 stiller sterkare i kveld, mellom anna er Glenn Roberts klar etter at han ikkje starta eliteseriekampen for AaFK søndag. Træff har midtbanestrategen Martin Christiansen tilbake, melder klubben på sine nettsider. Kampen kan du følge her>>