Vestnes Varfjell tek imot Dahle til kamp i 3. divisjon i kveld. Kampstart er 20.00 i Vestnes idrettspark. Kampen skulle eigentleg ha vore spelt fredag, men vart utsett fordi Dahle hadde problem med å stille lag. Dahle har svingt i prestasjonane i årets serie, men har vore på nivå med topplaga på sitt beste. Laget er det einaste som har slått topplaget Elnesvågen og var også eit minutt unna å ta poeng borte mot Træff. Dahle stiller eit ungt lag, med unntak av mellom andre spissveteranane Jøran Sandøy og Ivar Pedersen.
Møt fram og hei heimelaget fram til nye poeng. Uavgjort er nok til å ta laget vekk frå botnplassen, medan seier betyr avansementopp til 9. plass.