Sjef for Vestnes Varfjells supporerklubb Hegreberget, Martin Kjøpstad, meiner klubben alt har 50 medlemmar. - Me håpar å få fleire etter kvart, seier han i eit intervju med Bygdebladet. - Spelarane er glade for dette, og set pris på å ha ein 12. mann på laget, seier han.
Drakter, skjerf og luer i klubbfargane er alt på plass. Det neste blir caps. Kjøpstad 15 personar var med på det første supportertreffet på Smia 3. mars, men mange kunne ikkje møte grunna sjukdom.
- Det er jo litt uhøgtidleg dette. Alt treng ikkje vere å seriøst, og i alle fall kan vi ikkje ta oss sjølve for høgtideleg, seier Kjøpstad, og held fram:
- Vi har eit bra miljø på tribuna, og fann det formålsteneleg å satse på dette. Me vil først og satse på heimekampane, og etter kvart organisere oss med buss til bortekampane, seier Kjøpstad til Bygdebladet.
Kjøpstad lovar at supporterane skal støtte opp også om Vestnes Varfjell 2 i 5. divisjon.