Ferien er over for Vestnes Varfjell som dreg til Kristiansund for å kjempe om nye livsviktige poeng fredag.
Motstandar er FCK (Fotballklubben Clausenengen Kristiansund) som er ein fusjon av dei gamle erkerivalene KFK og CFK. Kampen er flytta til Kristiansund kunsgress, gjerne omtalt som «Idrett» fordi arbeidet med å legge nytt kunstgras på Nordmøre vart utsatt grunna ein øydeleggjande storm.
Laga er tabellnaboar, og som mot Sunndal i siste kamp før ferien, blir det ein skikkeleg "sekspoengskamp" som ingen av laga eigentleg har råd til å tape.
Trenar Alexander Connor seier laget har hatt ein OK treningsperiode fram mot kampen, men at troppen framleis er plaga med skader og andre forfall.
- Me dreg til Kristiansund med ein ung tropp, men med mål om å gje heimelaget hard kamp om poenga, seier Connor til varfjell.no og tel opp rundt 10 mann som er indisponible.
- Mange av desse hadde nok starta, men me må fukusere på dei me kan stille med. Det blir ein ung tropp, men framleis med ein del rutinerte spelarar som må stå fram og ta ansvar, seier Connor.
Laget ligg tredje sist etter vårsesongen med 10 poeng. Truleg vil 3-4 lag rykke ned i år, avhengig av kor mange lag som kjem ned frå 3. divisjon og om avdelingsvinnaren rykker opp.
- Det blir ein tøff kamp for å overleve, men me skal gje alt for å klare det. Det er nok kvalitet i troppen til at me bør kunne klare å ta poenga som trengst, men då må folk bli skadefrie. Problemet vårt denne sesongen har vore at me har sluppe inn for lette mål samtidig som me har vore ineffektive i andre enden, seier trenaren.
Av dei langtidsskadde er målvakt Owen Connor tilbake i trening, medan Vegard Ellingseter enno ikkje er klar. Resten av skadelista er for lang til å ramse opp her. Forhåpentlegvis kan det også komme eit par nye spelarar på plass om ikkje så lenge, men ingen som er klare til fredagens kamp.
- Det er viktig å komme godt i gang med haustsesongen, ikkje berre poengmessig, men også spelemessig. Så eg håpar med i alle fall kan levere ein god kamp, seier Alexander Connor.
Kampstart fredag er klokka 19. Truleg blir det ikkje stream på TV2 play/Direktesport sidan kampen har fått ny arena.
PS: I ein treningskamp / internkamp i ferien vart det seier 6-2 mot Måndalen /VVIL 2. Skåringar for Vestnes Varfjell: Amund Stavem 2, Elling Olafsen, Knut Stian Eik, Ole Håkon Heen Lien og William Pedersen Hjelvik.