Vestnes Varfjell gjekk på eit noko unødvendig 1-4-tap då laget møtte botnplasserte Åndalsnes på Øran onsdag kveld. Vertane jakta sin første seier for sesongen og tok leiinga alt etter fem minutt. Like etter utlikna Ørjan Tangen då han heada vidare ei heading frå Elling Olafsen etter ein corner. Vestnes Varfjell hadde ein stor sjansar til å ta leiinga då Magnus Nerheim avslutta like over, men fekk i staden ei ny skåring i mot då ein ÅIF-spelar fekk stå aleine framføre mål etter eit innlegg. Så hadde Elling Olafsen ein stor sjanse der han var heilt igjennom, men skotet gjekk like utanfor. Heller ikkje forsøket frå Ole-Gunnar Kjærstad like etterpå, gav resultat. Sju minutt før pause fekk midtstoppar Nirut Mjøs raudt kort etter å ha sparka ein ÅIF-spelar på hælen inne i feltet. Dermed straffespark og 3-1 til heimelaget. Vestnes Varfjell la om til tre spelarar bak i eit forsøk på å ta att det tapte, men det vart for tungt på sommarens varmaste dag. Laget hadde ballen mykje etter pause, men sleit med å trenge igjennom eit kompakt heimeforsvar som kjempa for å halde leiinga heilt inn. Nærast redusering var Svein Erik Lange Male som fekk ballen litt for brått på seg etter ein corner, og ballen gjekk over. Kampen var endeleg avgjort då ÅIF fekk sitt andre straffespark for kvelden etter at dommaren såg ein dytt i ryggen frå Ørjan Tangen. - Heilt feil, han snubla i eigne bein, noko han sjølv også innrømte etterpå, sa "syndaren" sjølv etterpå. Uansett måtte Vestnes Varfjell gå av bana utan poeng. Borsett frå 2-1-seieren i 2013 har dette dessverre vorte ein vane i desse borteoppgjera. - Det er berre å trene godt i sommar og komme sterkare tilbake, sa ein skuffa Vestnes Varfjell-trenar Knut Øyvind Hoem. Laget kom aldri skikkeleg i gang, og fekk berre glimtvis vist fram spel slik me veit laget kan. Personlege feil bakover i første omgang vart dessverre avgjerande. No tek laget ferie etter ein vårsesong der laget har variert voldsomt. Neste kamp etter ferien er mot serieleiar Averøykameratene heime fredag 7. august. Åndalsnes Avis om kampen
Kampfakta:
Åndalsnes - Vestnes Varfjell 4-1 (3-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, onsdag 1. juli 2015 kl 19
Øran stadion, 70 tilskuarar (ca 15 Vestnes Varfjell)
Mål:
1-0 (5)
1-1 (13) Ørjan Tangen
2-1 (24)
3-1 (38) straffespark
4-1 (75) straffespark
Dommar: Ingvild Aarland, Malmefjorden
Raudt kort: Nirut Mjøs, Vestnes Varfjell (38)
Gult kort: 2 til ÅIF
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen, Ole Håkon Lien (Svein Erik Lange Male 66.), Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Adrian Liabø (Thomas André Brastad 43.) - Sivert Nerheim, Yngve Solevågseide (Marius Ulla 46.), Ole-Gunnar Kjærstad (Adrian Liabø 76. (Preben Hovde 88.)) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Magnus Nerheim