
Stokkeland og Tangen
at det er aktuelt å opprette ei stilling i 20 prosent for ein dagleg leiar i klubben. Dette blir ei sak for årsmøtet 6. april (sjå innkalling nedanfor). Her kjem også bygging av klubbhus opp.
Stokkeland seier det kan bli aktuelt å bygge klubbhuset i fleire etappar, der første steg blir ein etasje over 600 kvadratmeter. Klubbleiaren ser for seg at dette skal bli eit aktivitetshus der folk i alle aldrar kan samle seg.
Det må grunnboringar til før bygginga kan starte, tomta er nemleg der tjønna ved stadion låg. Stokkeland seier dei hadde håpt å kunne bygge klubbhus saman med brannstasjonen som kommunen skal bygge, men dette toget ser ut til å ha gått fordi kommunen har valt ei tomt ved kommunehuset.