Vestnes Varfjell G 13 hadde sjølvaste AC Milan i kne i Norway cup-finalen, men måtte til slutt gje tapt på golden goal. Italienarane skåra tidleg i andre ekstreomgang. Det sto 0-0 ved pause, før Vestnes Varfjell starta andre omgang med to store sjansar. Så sette laget in 1-0 ved Eirik Tomren, det første målet Milan slapp inn i turneringa. Dessverre greide Milan å utlikne og det måtte spelast ekstraomgangar. Der skåra altså laget frå Milan først. Uansett: Gratulerer med sølv og tidenes innsats av eit Vestnes Varfjell-lag i Norway cup. Opptak frå kampen ligg på facebook. (2. omgang og avgjørelsen her). Norway cup sitt opptak her. Foto: Tor Morten Salte. Det blir også innslag frå kampen på TV2 i kveld kl 19 etter det me forstår. Sjå innslag om Milan-laget her.