Daniel Gravdehaug signerer papira som gjer han til Vestnes Varfjell-spelar att.(Foto: Frode Lien)

Daniel Gravdehaug er klar for Vestnes Varfjell. Kantspelaren vender tilbake etter å ha spelt for Tomrefjord dei siste tre sesongane. - Ei svært viktig signering for oss, seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor. 
Video på Instagram 

 

Connor kjenner Gravdehaug godt frå han gjekk gradene for aldersbestemte lag i Vestnes Varfjell og fram til han fekk A-lagsdebuten i 2019.

Sidan kom koronaen og stoppa alt fotballspel, og Gravdehaug valde å gjenoppta karriera i Tomrefjord. Der har han vore sentral på eit lag som har plassert seg i toppen av 4. divisjon. I år vart han også lagets toppskårar med tolv mål.

Me ønsker Daniel velkommen tilbake og gler oss til å sjå han i marineblå drakt igjen.

Alexander Connor er glad for å ga sikra seg underskrifta til Daniel Gravdehaug. (Foto: Frode Lien)