Fleire lag i 4. divisjon gjorde unne sine generalprøver i helga: Åndalsnes-Isfjorden 4-2, Dahle -Eidsvåg 2-4 og Sunndal-Meldal 2-3. I 3. divisjon var det serieopning i helga. Karl Arne Stokkeland fekk spele dei siste tolv minutta då KFK slo Årdal 4-2, medan Tommy Kanishi Andreassen skåra det som vart kåra til kampens flottaste mål då Brattvåg slo Florø 2 3-2. Kanishi måtte ut i pausen og vart erstatta av ein annan tidlegare Vestnes Varjell-spelar; Vegar Skare. Den siste vestnesingen, Simon Tomren, skåra det første målet og vart kåra til heimelagets bestemann.