Geir Åge Sylte vart heidra med "honorært lederstipeng" på kretstinget i Nordmøre og Romsdal fotballkrets i helga. Dette er ei påskjønning for lang og tru teneste. I løpet av dei siste 20 åra har Sylte hatt ulike verv i Vestnes Varfjell. Han har vore trenar for A-lag og gutelag, samt sportsleg leiar og styremedlem i Vestnes Varfjell. Tidlegare har Ottar Orvik (1998) og Otto Trønningsdal (2007) frå vår klubb fått eit slikt stipend. Stig Nergård frå Sunndal var ikkje på val som leiar. Les meir i Tidens Krav.