Vestnes Varfjell G16 vann måndag 3-1 borte mot Træff 2 og ligg dermed framleis på toppen av tabellen i si 2.-divisjonsavdeling. Leon Åfløy Botnvik vart kveldens mann med to skåringar.
Vestnes Varfjell tok leiinga etter eit kvarter i regnvêret på Reknesbanen i Molde. Ein Træff-spelar var uheldig og sette ballen i eige mål etter ein corner. Vestnes Varfjell hadde mange sjansar til å auke leiinga då dei fleire gongar kom aleine med Træff-keeperen, men det vart med 1-0 til pause. Træff 2 var nære utlikning på ein susar i tverrliggaren.
Rett etter pause gjekk likevel heimelaget opp og sette inn 1-1 med eit velplassert skot. Etter kvart festa gjestane grepet om kampen. Leon Botnvik var ein stadig trussel mot Træff-forsvaret og etter fem minutt av andre omgang var dei mørkeblå i foringa igjen. Spissen kunne ta salto etter å ha avslutta til 2-1 med eit knallhardt skot forbi keeper. Etter timen var same mann på farta igjen og avslutta med eit nytt skot forbi keeper etter ei kontring.
Alexander Tomren Bjørhovde smelte ballen i tverrilggaren på slutten, men det vart ikkje fleire mål. Kampen ebba det ut med bortseier til stor glede for ein kontingent på 20 supporterar som hadde tatt vegen over fjorden.
Årets G16-lag har to unge trenarar i Magnus Lindset og Arjan Sylte. Fleire av spelarane har alt rukke å få sin debut på A-laget, mellom dei tomålsskårar Botnvik. Didrik Sæter spelte heile kampen i 4. divisjon mot Midsund sist. I kveld måtte han dessverre hinke av bana med ein skade i andre omgang.
Vestnes Varfjell står med 8 seierar, ein uavgjort og eitt tap så langt i sesongen. Tabellen finn du her.
Fire kampar står att å spele, siste kamp er borte mot nærmaste utfordrar, Skåla/Langfjorden.