Vestnes Varfjell G16 tok ein flott andreplass i Mørecup i Sunnmørshallen søndag. Herd vart slått 3-0 i semifinalen, men i finalen vart Spjelkavik for sterke og det vart tap 0-2. Uansett ei svært oppløftande resultat etter litt variavel innsats i treningskampane og NM-kvalifiseringa til no i vinter. Tirsdag er det ny NM-kamp, når Åndalsnes kjem på besøk. Dei tre andre laga frå Vestnes Varfjell som deltok, to G14-lag og eit G15-lag, vart utslått etter gruppespelet.
Sjå kva Spjelkavik skriv om finaleseieren.
For mange på G16 vart sølvet ei gjentaking av
innsatsen for to år sidan. Då slo laget årets
overmenn Spjelkavik i semifinalen, men tapte finalen mot
Langevåg.
Les meir om 2007-innsatsen her.