Foto: ottacup.no
Vestnes Varfjell stilte med to gutelag i 16-årsklassen i Ottacup i helga. Førstelaget gjekk likegodt heilt til topps. Gullet vart sikra etter seier 4-2 mot Vågå i finalen. Alle resultat og bilde finn du på nettsidene til Ottacup. Sist helg deltok G14 i same cup, og dei spelte seg fram til kvartfinalen. Vestnes Varfjell har stolte tradisjonar frå innandørsturneringa i Gudbrandsdalen med ei rekke gull-, sølv- og bronsemedaljer.