Vestnes Varfjell G 14 kunne juble for avdelingsmeisterskapet etter seier 2-1 mot Midsund i siste kamp tirsdag.  Dermed er laget haustmeister i Nordmøre og Romsdal.

Laget låg likt med Elnesvågen før denne hengekampen. og eittmålstap eller betre ville sikre meisterskapet. Heimelaget tok kommandoen frå start heime i Vestnes idrettspark og gjekk til pause to mål føre etter skåringar av  William Dolpen Falch og Teodor Elias Johansen. Gjestane kom betre med etter pause og reduserte ein gong på eit susande frispark. Begge lag hadde ein stor sjanse etter dette, men det vart ikkje fleier mål.

Vestnes Varfjell kan dermed kalle seg best av laga frå Nordmøre og Romsdal som ikkje kvalifiserte seg for fylkesserien (Molde, Rival og Kristiansund)

 

Tabellen

  Lag S P
1 Vestnes Varfjell 7 16
2 Elnesvågen 7 13
3 Sunndal 7 12
4 Dahle/Nordlandet 7 10
5 Åndalsnes 6 9
6 Træff 1 7 7
7 Midsund 6 6
8 Frei 7 4