ImageVestnes Varfjell-spelar Azim Ahmadi vart fylkesmeister for asylsøkarlag sist veke og vart etterpå intervjua av Bygdebladet. Her fortel
at han likar seg i klubben. - Eg trivst veldig godt, og er blitt svært godt motteken i klubben, seier han til avisa. Han har budd på Vestnes i drygte eitt år og håpar på permanent opphald i Norge. Han fortel dette om korleis fotballen vart praktisert før han kom til Vestnes:

- Eg spela mykje fotball heime i Afghanistan, men vi var ikkje organisert i seriar og lag slik som her. Eg spelte for det meste saman med kameratar ute i gata, og på den måten utvikla vi ganske bra fotballteknikk.

Han legg til at afghanske spelarar nok legg vekt på individuell ballnbehandling enn norske som er prega av strammare organisering.