Fire spelarar frå Vestnes Varfjell hadde si første treningssamling på Moldeakademiet torsdag. Simen Brennvik, Karl Arne Stokkeland, Sondre Akselsen og Niklas Rekdal er alle med på dette talentuviklingstilbodet i regi av Molde Fotballklubb.
Dei beste spelarane i Molderegionen i alderen 10-16 år er tatt ut til å følge treningsopplegget. Talenta skal møtast i Akerhallen kvar torsdag, og i kveld var altså første samling. Spelarane er delt inn i tre grupper etter alder.
MFK stiller med trenarar. Det er Knut Hallvard Eikrem for den eldste gruppa der Stokkeland og Brennvik er med, Bendik Hareide i den mellomste gruppa til Akselsen og Frode Nakken i gruppa med Rekdal.
(Foto: Kai Magne Stokkeland)
Les meir på MFK-sidene >>
Artikkelsøk: {ln:search:Moldeakademiet