Dei beste gutespelarane i fylket født i 1992 skal ha treningssamling og møte eit juniorlag frå Vestnes Varfjell til treningskamp i Vestnes idrettspark torsdag 15. februar. Dette blir siste finpuss før Team Møre reiser til Island for å spele kampar. Laget trente i Parken laurdag, og Vestnes Varfjell får skryt for opplegget.

"Team Møre gjennomførte ei god trening på Vestnes laurdag 3.februar lagt opp av kretslagstrenarane Erling Ytterland (SFK) og Rune Hoem (NRFK), med informasjonsmøte for gutane og foreldre etterpå. Vestnes/Varfjell stillte med utstyr og flott bevertning etter treninga", les me på kretssidene.

Team Møre er tatt ut etter bylagskampane mellom Molde, Kristiansund, Ålesund og Ulstein tidlegare i vinter. Ingen frå Vestnes Varfjell er tatt ut i troppen av gute- og jentelag som reiser til Island i vinterferien. Fylkeslaga skal seinare også til Kyrksæterøra og spele mot Trøndelag.

Les meir på kretssidene >>