Fotballtinget vedtok laurdag mot 22 stemmer å halvere talet på avdelingar i 3. divisjon. Dermed blir det ei avdeling for Møre og Romsdal og delar av Trøndelag frå 2011. Les meir her >> I Nordmøre/Romsdal får dei 6 beste laga i 3. divisjon og vinnaren av 4. divisjon plass i den nye 3.-divisjonen. I 4. divisjon får berre dei fem beste laga plass i den nye 4.-divisjonen. Alt om tinget her>>


Træff foreslo at det ikkje skulle vere opprykk frå 4. divisjon i år, men dette forslaget fekk berre tre stemmer.


Træff hadde også eit forslag om at 2. lag til lag frå 2. divisjon og 3. lag ikkje skulle få delta i den nye 3.-divisjonen, men dette vart ikkje vedteke. Dermed kan til dømes KBK 2 og MFK 3 kvalifisere seg for ny 3. divisjon.

Etter som dei nye avdelingane i 3. divisjon blir sett opp geografisk med flytande grenser og start i Nord-Trøndelag for Sør-Norge sin del, vil ein det første året få tilnærma ei rein Trøndelags-avdeling og vidare ei Møre og Romsdal-avdeling.

Frå og med 2011 vil berre vinnaren av 4. divisjon Nordmøre/Romsdal rykke opp i 3. divisjon. Sunnmøre får også eitt opprykkslag kvart år, medan det frå Trøndelag skal rykke opp 4 lag. Dette vil kunne bevege tyngdepunktet for Møre og Romsdal-avdelinga nordover etter kvart. I tillegg vil geografisk tilhøyringheit for laga som rykker ned frå 2. divisjon og opp frå 3. divisjon påverke den geografiske fordelinga.

Lag som skal spele i den nye 3.-divisjonen må ut med 15.000 kroner til ei reisefordelingskasse, der mesteparten av pengane truleg vil gå til dei nordnorske laga.