Det går mot massenedrykk frå både 2., 3. og 4. divisjon dersom forslaget til nytt seriesystem blir vedtatt på fotballtinget 27.-28. februar. Forslaget går i korte trekk ut på at det blir oppretta ein ny 2. divisjon med berre to avdelingar, under der skal det vere 6 regionale avdelingar i 3. divisjon, altså ei halvvering i høve til dagens ordning. I 4. divisjon blir det 18 avdelingar med 14 lag i kvar. I det som har lekt ut til no har det vore snakk om "kretsseriar" på niva 5, altså 4. divisjon. Dette har også gått opp med talet på kretsar (18), men no er det klart at forslaget inneber at Nordmøre og Romsdal blir slått saman med Sunnmøre fordi det skal vere to avdelingar i Oslo, Trøndelag, Rogaland og Hordaland/Sogn og Fjordane. Det står også at det har komme innspel om fleire avdelingar i 4. divisjon for å hindre auka reisebelastning på dette nivået, men at talet 18 er valt fordi det då gir opprykk utan kvalifisering gjennom heile divisjonspyramiden. Korleis den nye fylkesserien skal setjast saman blir avgjort etter plassering i 3. og 4. divisjon i 2016. I den nye 3. divisjonen blir det plass berre til dei fire beste pluss dei åtte beste 5-arlaga i dei 10 avdelingane i Sør-Norge. 3. divisjon har i dag 10 lag frå fylket, 7 frå Sunnmøre og 3 frå Nordmøre/Romsdal (resterande fire lag i avdelinga er frå Sogn og Fjordane). Dersom me tek utgangspunkt i at seks av desse laga rykker ned, blir det berre plass til dei fire beste i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal og 4. divisjon Sunnmøre. Ingen lag skal kunne rykke opp halvanna nivå slik det vart gjort då vinnarane av gamle 4. divisjon fekk plass då noverande 3. divisjon vart innført i 2010. Me tar då for gitt at det same vil gjelde opprykk frå 5. divisjon til den nye 4. divisjonen, viss ikkje blir det endå færre av dagens 4.-divisjonslag som får plass. LES MEIR OM TINGFORSLAGET HER. Der står det også at høyringane viser stor oppslutning om forslaget, medan andre skriv at det møter motbør. Truleg er det delte meiningar også mellom laga i 4. divisjon her i fylket. Kanskje er det ikkje utelukka at fylket kan halde fram med to avdelingar i 4. divisjon der vinnarane møtest for å gjere opp om den eine opprykksplassen, slik det var i 3. divisjon før 2010?