Klubbleiar Joar Kirkeslett i Vestnes Varfjell la fram illustrasjon for framtidig utbygging av Vestnes idrettspark.

Det skjedde på ein idédugnad for framtidas Vestnes for litt sidan, og me siterer frå VestnesAvisa:

– Vi i idrettsrådet er opptatt av å samle idretten og tilby fleire anlegg. Vi har visjonar og ambisjonar og vi har no planar om å utvide Vestnes Idrettspark. No skal eg presentere ei skisse over desse planane som eg fekk på bordet idag. Det er snakk om å bygge hall over den eksisterande kunstgrasbana og anlegge ei ny fotballbane. Det er for få fotballbaner i nærområdet og på Vestnes manglar vi rett og slett kapasitet til alle som vil spele fotball, sa Kirkeslett.