Fire spelarar frå Vestnes Varfjell er tatt ut til det nye talentutviklingstilbodet, Moldeakademiet i regi av Molde Fotballklubb. Det er Simen Brennvik og Karl Arne Stokkeland (spelarar født i 1991), Sondre Akselsen (f. 93) og Niklas Rekdal (f. 95-96). Talenta skal møtast under kyndig vegleiing av trenarar frå MFK ein gong i veka, og treningane startar i Akerhallen førskomande torsdag. Frå Vestnes kommune er i tillegg Simen Tomren frå Fiksdal/Rekdal med i gruppa av 93-modellar.

Les meir på MFK-sidene >>