Los Trøkje. Foto: ilbryn.net
Los Trøkje. Foto: ilbryn.net
Vestnes Futsal gjekk frå seier til seier i Brynhallen, men i kvartfinalen vart det stopp. Då vart laget Eksos, med MFK-profilane Magne Hoseth og Thomas Mork i spissen, for sterke. Heile 7-1 vann det Averøy-baserte laget. Eit anna lag med mange frå Vestnes, Los Trøkje, sa takk for seg alt etter dei innleiande kampane. Audun Maurico Leikarnes er spelande manager for dette laget.
Alle resultat >>

 

Andre på laget er Martin Lange Sylte, Simen Brennvik, Stig Kenneth Langstein, Simon Gimmestad (alle Vestnes Varfjell), Kenneth Ellingseter (MFK), Vegar Skare (Måndalen), og Anders Lilleheim Vik.

 

Det høyrer også med til historia at Vestnes Futsal slo Eksos 4-1 i gruppespelet. The Players vann finalen 2-0 over Eksos.