ImageBygdebladet har snakka med fleire frå fotballmiljøet i Fiksdal og Rekdal i samband med at Fiksdal & Rekdal Ballklubb markerer 30-årsjubileum denne helga. Gunnar H. Fiksdal gjer også ein sveip innom kvalifiseringa til 2. divisjon, som han håpar Træff vinn og dermed bergar Vestnes Varfjell. - Vestnes treng eit lag i 3. divisjon, seier mannen som avisa kallar "fotballens far i Fiksdal". Me gratulerer naboklubben med jubileet!

 

Gunnar H. Fiksdal var oppmann Fiksdal i ei årrekke. På 60-talet hadde Fiksdal IL det beste laget i Vestnes.

 

Også Dag Nakken og Sigmund Rekdal er mellom dei Bygdebladet har snakka med. Rekdal tar til orde for at Fiksdal, Rekdal og Tomrefjord igjen må samarbeide for å få fram eit betre lag.