Vestnes Varfjell forlenga ferien ei veke, men laurdag er seriespelet i 4. divisjon endeleg igang igjen. Då kjem Surnadal til Vestnes idrettspark i ein kamp som har avspark klokka 14. Surnadal har ikkje gitt opp kampen om opprykk, og er store favorittar. I vår vann laget heile 8-0 mot Vestnes Varfjell på eige gras. Vestnes Varfjell avslutta vårsesongen med ein flott borteseier 5-1 mot Frei, og håpar å halde fram i same form. Sportsleg leiar Knut Øyvind Hoem hadde ansvar for treningane medan Alexander Connor var på ei velfortent ferie i førre veke. Mange av spelarane var også med i Norway cup med juniorlaget. DET BLIR OPPDATERINGAR VIA TWITTER.
NB: Alt tirsdag er det ny heimekamp, då kjem Midsund på besøk. Kampstart klokka 19.