Rett før overgangsvindaugset stengte 31. august vart det klart at både Marius Ulla og Audun Leikarnes forlet Vestnes Varfjell. Begge dei to vikebuktingane går til Fotballaget Fart frå Vang utanfor Hamar. Fart er til liks med Vestnes Varfjell på andreplass i si avdeling i 4. divisjon. Ulla har spelt fast for A-laget heile sesongen, medan Leikarnes har figurert på B-laget etter at han i sommar meldte overgang tilbake til Vestnes Varfjell frå Flisa. Dei to har også spelt saman i Måndalen. Skulegang er bakgrunnen for klubbskiftet. varfjell.no ønsker lukke til i ny klubb og velkommen attende når den tid kjem. Også Per Kristian Os Nakken har reist på skule i haust (Oslo), men han er framleis Vestnes Varfjell-spelar og dermed aktulle for spel også seinare i sesongen.
Fart på Ulla og Leikarnes
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter