Elling Olafsen
Med far på kamp: Elling Olafsen
Far og son aksla Vestnes Varfjell-trøya i same kamp då Vestnes Varfjell 2 møtte Måndalen 2 onsdag. Elling Olafsen (17) spelte spiss frå start, med far Odd Kåre Olafsen (39) på backen. Første gong far og son spelte saman i Varfjell var i 1984 då Åge og Geir Åge Sylte var i startoppstillinga i ein kamp gamle 5. divisjon (no 4. divisjon)

I Vestnes Varfjell-boka er dette omtalt, og her går det fram at kampen vart spelt 23. september mot Veblungsnes på Setnesmoa. Dette var siste kamp i sesongen, og den aller siste for Åge Sylte og den aller første for Geir Åge Sylte, som var henta opp frå gutelaget. 

I 2003 avslutta spelande trenar Dag Nakken sesongen med å spele dei siste minutta samen med sonen Frank i bortekampen mot Bjørset.  Vestnes Varfjell tapte kampen 1-2, med Kim Skjegstad i mål dei siste minutta. Meir om kampen her >>

Evigunge Dag Nakken har spelt saman med ein eller fleire søner i snart ti år no, første gong for TIL/Fiks/Rek i 1998 og no i år for Fiksdal/Rekdal.