Owen Connor er klar for Brattvåg, medan far Alexander er tilbake som trenar, no i Træff.

Vestnes Varfjell-målvakt Owen Connor vart måndag presentert som Brattvåg-spelar.
"Owen kjem frå Vestnes/Varfjell, der han har spelt heile karriera. Etter å ha vore ute med skade i pre-season i fjor, kom han sterkt tilbake i august og imponerte på prøvespel hos Brattvåg. Den 2004-fødde keeperen blir eit spennande tilskot til laget", skriv klubben frå Haram på sine nettsider.
Faren, Alexander, gav seg som kjent som trenar for A-laget til Vestnes Varfjell i vinter. Også han er klar for nye oppgåver, no i trenarteamet til divisjonskollega Træff 2.

Owen Connor står med 63 A-kampar for Vestnes Varfjell. No skal han kjempe med to andre målvakter om å vokte målet for 2.-divisjonsklubben som spelar i PostNord-ligaen avdeling 1. Her er det i år fleire spelarar med fortid i Vestnes Varfjell. Også ein annan keeper, Fredrik Bergslid, har i vinter gått frå Stjørdals-Blink til Lysekloster ved Bergen. Frå før er David Sissoko i Notodden og Daniel Gravdehaug i Træff.
Lukke til med sesongen til alle!