Jørn KloksetTidlegare Vestnes Varfjell-spelar Jørn Roar Klokset (bildet) gir seg som trenar i Tomrefjord etter to sesongar, skriv nettsidene for A-laget i klubben. Klokset skal likevel halde fram som spelar for laget. Klokset spelte 154 seriekampar og skåra 51 mål for Vestnes Varfjell før han vart spelande trenar for naboklubben i 5. divisjon frå 2006-sesongen.

 

Klokset ikledde seg Vestnes Varfjell-drakta sist i jubileumskampen mellom Vestnes Varfjell 1998 og Vestnes Varfjell 2008 21. november. Der viste 32-åringen at han enno har mykje ugjort på fotballbana.


Det er enno ikkje klart kven som følgjer etter Klokset som trenar for dei gulsvarte: "Ny trener er enda ikke på plass, styret jobber med dette og vi håper det ikke blir lenge til trenerkabalen er klar", skriv  Tomrefjord-sidene>>