Ærsmedlem i Vestnes Varfjell IL, Nils Kjøpstad, døydde brått torsdag 22. oktober, 75 år gammal. Kjøpstad var kasserar i Fotballklubben Varfjell frå 1970-77, medlem av uttakskomiteen (UK) for A-laget og hadde ulike andre roller i klubben på 1970-talet. Han vart utnemnt til æresmedlem i 1986. Gravferda er frå Tresfjord kyrkje fredag klokka 11.00. Me takker for innsatsen Nils gjorde for fotballen i Vestnes og lyser fred over minnet.
Kai Magne Stokkeland, leiar Vestnes Varfjell IL.