Vestnes Varfjell vann tosifra for andre gong i år då laget slo Åndalsnes fredag. Det gamle storlaget i lokalfotballen vart sendt heim gjennom tunnelane med nesten uverkelege 13-1 i bagasjen. Gjestane hang godt med i 20 minutt, men i andre omgang rann måla inn mot eit leikent heimelag. Tommy Kanishi Andreassen og Amund Stavem skåra fire mål kvar. Dei andre måla vart sett inn av Elling Olafsen, Tore Akselsen (2), Christian Mario Leikarnes og målvakt Alexander Aarø på straffespark. Meir kjem.
Bildegalleri | Videoar i VarfjellTV (fleire videoar seinare) | ÅIF om kampen
Berre eitt poeng skilde laga på tabellen før kampen, og lenge var det også jamnt i vårsola i Vestnes idrettspark fredag. Heimalaget hadde skapt eit par sjansar og gjestane meinte seg snytt for eit straffespark tidlege i kampen. Så etter 18 minutt sendte Tommy Kanishi Andreassen eit frispark rett i mål og etter dette såg ikkje heimelaget seg tilbake.
Det sto rett nok "berre" 3-0 til pause, men Vestnes Varfjell gjekk omtrent rett frå avspark og auka til 4-0. Deretter kom måla på løpande band for eit Vestnes Varfjell-lag som trilla ball og leika seg mot demoraliserte gjestar. Lystavla i Vestnes idrettspark har låst seg fast på 9-0, og det vart fleipa om det ville gå troll i ord, men det skulle altså bli enda verre.
Slik kom skåringane:
| 1-0 Tommy Kanishi Andreassen | 18 min: Skrur eit frispark frå 20 meter over muren og til side for keeper. |
| 2-0 Amund Stavem | 24 min: Headar i mål etter ein corner. |
| 3-0 Elling Furland Olafsen | 41 min: Også Olafsen kan å bruke hovudet, og det står 3-0 ved halv tid. |
| 4-0 Amund Stavem | 46 min: Rett frå avspark i andre omgang går Stavem fram, rundar keeper og set inn 4-0. |
| 5-0 Tore Akselsen | 49 min: Straffe etter at Trond Klokset vart felt. |
| 6-0 Amund Stavem | 52 min: Spissen avsluttar eit flott angrep med å sette ballen til side for keeper. |
| 7-0 Tommy Kanishi Andreassen | 61 min: Kanishi blir spelt fram av Vegar Skare, går forbi keeper og set inn sitt tredje for kvelden. |
|
8-0 Tommy Kanishi Andreassen 8-1 Thomas Kvisk |
63 min: Skot forbi alle og forbi keeper frå rundt 16 meter. 71 min: Gjestane reduserer på straffespark. |
| 9-1 Alexander Aarø | 76 min: Ny straffe. Aarø var sterkt usamd i straffesparket han forårsaka og gjer det godt at i andre enden av banen. |
| 10-1 Tommy Kanishi Andreassen | 78 min: Kanishi rundar igjen keeper og blir firemålsskårar. |
| 11-1 Tore Akselsen | 81 min: Lekkert skot i lengste hjørne. Kveldens vakraste mål. |
| 12-1 Amund Stavem | 83 min: 16-åringen blir firemålsskårar for andre gong i år etter framspel av jamngamle Ole-Gunnar Kjærstad. |
| 13-1 Cristian Mario L. Leikarnes | 87 min: Innbyttaren har berre vore på bana nokre minutt då han får avslutte showet med ei heading frå kloss hald. |
ÅIF hadde også ein ball i nota på stillinga 12-1, då dei skåra på avspark før innbyttar Svale Leren var på plass i målet. Heldigvis vart dette gjort om etter at dommaren tok ein prat med linjemannen.
Solid lagseier, der også heile benken fekk speletid. Tommy Kanishi herja for heimelaget og var den dominerende spelaren, særleg etter pause. God var også den andre firemålsskåraren, Amund Stavem og Trond Klokset - så lenge kreftene heldt.
Rundt 100 tilskuarar kosa seg på ein historisk fotballkveld i Vestnes idrettspark.
Neste kamp er mot KBK 2 neste søndag i det som nok blir årets vanskelegaste bortekamp.
Meir seinare
Kampfakta
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 13 - 1
Vestnes Varfjell
Åndalsnes
Bytter
Bytter
Kort
Kort
Kampreferat
| 87 | Spillemål | Cristian Mario L. Leikarnes | |
| 83 | Spillemål | Amund Stavem | |
| 81 | Spillemål | Tore Akselsen | |
| 78 | Spillemål | Tommy Kanishi Andreassen | |
| 76 | Straffemål | Alexander Aarø | |
| 71 | Straffemål | Thomas Alexander Grüner Kvisvik | |
| 63 | Spillemål | Tommy Kanishi Andreassen | |
| 61 | Spillemål | Tommy Kanishi Andreassen | |
| 52 | Spillemål | Amund Stavem | |
| 49 | Straffemål | Tore Akselsen | |
| 46 | Spillemål | Amund Stavem | |
| 41 | Spillemål | Elling Furland Olafsen | |
| 24 | Spillemål | Amund Stavem | |
| 18 | Spillemål | Tommy Kanishi Andreassen |