Knut Stian Eik og Oliver Connor Søreng har vore ute med skade store delar av sesongen. Eik seier at det ikkje blir meir spel på han denne sesongen.
Knut Stian Eik har ikkje spelt eit minutt i 4. divisjon sidan 9. juni. Den høgreiste spissen måtte då ut med skade i heimekampen mot Elnesvågen. Han seier til varfjell.no at det ikkje ser lovande ut med tanke på meir spel denne sesongen. Han skal no til MR-undersøking for å fastslå kor alvorleg skaden i kneet er.
Også Oliver Connor Søreng skal til MR. Midtbanespelaren gjekk glipp av vårsesongen med ein skade i fotbladet, og måtte ut igjen etter ein kneskade i heimekampen mot Tomrefjord 8. september.
Også den unge backen Simon Kjørvik har vore ute med skade i dei siste kampane. Lars-Helge Lien har vore ute med sjukdom i tre veker, men var tilbake mot Træff 2 fredag.