Både Træff og Elnesvågen er ute av cupen etter at 1. runde vart spelt søndag. Træff utlikna til 3-3 på overtid heime mot Hødd, men laget frå Ulsteinvik skåra igjen i neste angrep og vann 4-3. Tomrefjordingen Richard Tomren sendte Elnesvågen ut av cupen då han skåra begge måla for Skarbøvik som vann 2-1 i Fræna. Andre lokale kampar: Tornado Måløy - Molde 1-8, Brattvåg - Aalesund 0-5 og Kristiansund BK - Nardo 5-2. Johnny Nerbø utlikna til 2-2 på straffe eitt minutt før slutt i ekstraomgangane for Mjølner mot Harstad. Nerbø skåra også i straffesparkkonkurransen som Mjølner vann 9-8.
Bernt Hulsker fekk kvile då Start slo Trauma 4-1.
Klikk på resultat for kampfakta og kamputvikling.