Etter kampen mot Lloret.Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor er svært godt fornøgd etter lagets treningsleir til Barcelona. - Det var ein veldig bra tur, eigentleg over all forventning. Me vart godt mottatt og tatt våre på av arrangøren og både sportsleg og sosialt hadde me eit godt utbytte. Dette freistar heilt klart til gjentaking, seier Connor og held fram:



20 spelarar og fem i støtteapparatet kom skjærtorsdag att etter ei veke i Spania. Dette er første gong eit lag frå Vestnes har reist utanlands på treningsleir. Laget spelte to kampar mot gode spanske lag.

- Det eine laget spelte på nivå 4 i Spania, det andre eit nivå under. Begge var gode lag med god ballkontroll, og me fekk køyrt oss til tider. Utbyttet frå begge kampane var godt, og alle fekk speletid, seier Connor.

Laget spelte 3-3 mot Masnou tirsdag og tapte 2-3 mot Lloret dagen etter.

- Lloret var det beste laget, dei spelar i 3. divisjon og stilte med nesten toppa lag. I denne kampen hadde me også ein kamp i beina frå dagen før. Eg trur begge laga me møtte ville ha hevda seg godt i norsk 3. divisjon, seier Connor.


For Vestnes Varfjell var turen tima perfekt sidan det kom snø her heime. Laget budde godt på hotell i byen Lloret de mar, med strand like i nærleiken.


- Det er godt med ei miljøforandring, ein kan bli lei av å trakke i same garderobe, bane og vær her heime. Spelarane sette også tydeleg pris på dette, det var lett å sjå både på treningsfeltet og utanom. Spesielt var det artig å sjå unggutane blomstre, seier Connor.

Laget gjennomførte åtte treningar på kunstgras og gras. Sosialt var turen til Barcelona-kamp mot Atletic Bilbao på Camp Nou eit høgdepunkt.


Det blir alt snakk om å gjenta opplegget. Connor understrekar at det ikkje er klubben som betaler heile gildet.


- Her har spelarane bidratt med ein solid eigendel, seier han, og legg til at det å dra på treningsleir ikkje lenger er noko berre topplaga gjer.

- Der me var, var det både 13-årslag og lag frå 6. og 7. divisjon.