Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor (bildet) har forsona seg med at det blir spel i 4. divisjon neste sesong, men lovar at laget skal kjempe om opprykk til 3. divisjon att på første forsøk.
- Det er skuffande at vi rykkjer ned, men neste år kjempar vi i toppen av 4. divisjon og om opprykk, seier Connor til Bygdebladet onsdag.
Connor seier han ikkje har mista lysta til å trene laget vidare. Eit snarleg spelarmøte vil avklare kven som blir med vidare, men Connor seier at han enno ikkje har fått signal om at nokon vil slutte eller gå til andre klubbar. Også toppskårar Ronny Leikarnes har signalisert vidare satsing sjølv om han har blitt 35 år.
Connor seier laget tilpassa seg nivået i divisjonen betre utover i sesongen. Dermed greide laget også å snu ein katastrofal vårsesong til jamn poenfangst utover hausten.
- Dessverre øydela nokre uavgjorte kampar for oss. Vi var så nære å ta alle poenga i desse kampane, men dessverre gjekk det ikkje vår veg, seier Alxander Connor til Bygdebladet.