ImageAlexander Connor var fornøgd med mykje trass tap i treningskampen mot Træff 2 onsdag, og ser no fram til at alvoret skal ta til. - Me gler oss til seriestart. Det skal bli deilig å komme igang i det som blir ein knalltøff 4. divisjon. Me har trent godt i vinter og føler at me har fått førebudd oss godt, seier han til varfjell.no. Slik oppsummerer han kampen mot Træff 2:

 

- Me spelte ein god førsteomgang  og tok leiinga då Tommy snappa ein ball, gjekk innover i bana og avslutta med skot forbi keeper. Ei typisk Kanishi-skåring. Træff 2 var betre enn oss etter pause, og hadde også fleire sjansar då. Samtidig kunne det godt ha endt uavgjort om me hadde hatt marginane med oss, seier Connor og nemner eit mål mål som vart annulert for offside og ein situasjon som kunne gitt straffespark.

 

- Spelemessig hadde me igjen ei nykomponert midtbane. Defensivt var det mange gode enkeltprestasjonar, men me slit kanskje litt kollektivt, seier Connor.

 

Ole Marius Sæter vokta målet i denne kampen.

 

Træffs kommentar etter kampen: "En fin test for oss. Vi stilte med juniorlaget pluss én fra A-laget. Håper å bite fra oss i NM-cupen".

 

Dette var generalprøven før seriestarten i 4. divisjon heime mot KBK 2 torsdag 28. april. Connor held KBK 2 som favoritt til å rykke opp.

 

- Dei bør i alle fall ha ein stall som er god nok til det om dei vil. Det blir ein tøff kamp, men me spelte jamnt mot då dei var her for to sesongar sidan, og skal gje dei kamp om poenga også denne gongen. Det er viktig å plukke mange poeng tidleg i sesongen seier Vestnes Varfjell-trenaren.

 

Kampfakta: 

Vestnes Varfjell - Træff 2 1-2 (1-0)

torsdag 20. april 2011 kl 19

Vestnes idrettspark

40 tilskuarar

Mål:

1-0 (19) Tommy Kanishi Andreassen

1-1 (60) Mads Amundsgård

1-2 (71) Robin Holden

Ingen kort

Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell

Assistentdommarar: Lars Jørgen Skjegstad og Per Jøran Kjærstad

Vestnes Varfjell (3-2-4-1): Ole Marius Sæter; Marius Ulla, Nirut Mjøs (Sander Valde), Svein Erik Lange Male - Sondre Akselsen (Knut Øyvind Hoem), Yngve Solevågseide - Magnus Nerheim (Azim Ahmadi), Vegar Skare, Elling Olafsen (Christian Mario Leikarnes), Tommy Kanishi Andreassen - Ronny Leikarnes.

Unytta reserver: Tore Akselsen og Alexander Connor