Alexander Connor skal ikkje trene Vestnes Varfjell i 2025-sesongen. Connor seier at han gir seg no etter 17 sesongar som hovedtrenar fordi både laget og han vil ha godt av det.
Også oppmann Frode Lien tar ein pause no. Han har vore lagleiar i fem år.
Alexander Connor seier til varfjell.no at han gir seg etter eige ønske, men at det også har komme signal frå spelargruppa om at det kan vere greit med eit skifte no.
– Det er eg heilt samd i at kan vere sunt. Nokre av spelarane har eg trena sidan dei var 10-12 år. Så då kan det vere godt for begge partar å få inn nye impulsar. Eg skulle gjerne ha gitt meg før, men eg er så glad i denne klubben at eg ikkje kunne la vere når ingen andre ville ta på seg jobben. Eg var også bestefar i sommar, noko som også har verka inn og gjort at eg vil prioritere tida litt annleis framover, seier Connor.
Han kom inn som spelande trenar i 2006 og har trent A-laget siden sett bort frå eit kvileår i 2015 og den halve koronasesongen i 2021. I tillegg har han trent fleire gutelag og vore involvert på krets- og akademinivå. Han har spelt 300 A-lagskampar for Vestnes Varfjell.
Kven som skal leie laget i 4. divisjon neste sesong, er ikkje avklart.
– Stillinga blir no lyst ledig. Håpet er at det kjem inn ein som kan utvikle laget vidare. Det blir ein ny tøff sesong i 4. divisjon, seier Connor.
Han vil no i staden jobbe meir med trenar- og spelarutvikling i klubben.
– Eg skal framleis bidra i klubben eg elskar og kjem nok uansett til å stå på feltet kvar dag, seier trenarlegenden.
Me takkar for innsatsen i denne omgang til trenaren med desidert flest år bak seg i Vestnes Varfjell og kanskje i heile lokalfotballen! Takk også til oppmann Frode Lien som har lagt ned tusenvis av timar for laget i tospann med Connor.
Sjå annonse her: https://vvil.no/post/266