Bygdebladet har spurt lokale fotballtrenarar om det var rett av Aalesunds FK å gje Kjetil Rekdal sparken. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor meiner det var feil. - Når eit fotballstyre proklamerer at klubben skal vere med og kjempe i toppen, må dei også legge til rette for det. Det synes eg ikkje AaFK har gjort, seier Connor til avisa. - Det blir vanskeleg dersom spelarane og styret ikkje trekker i same retning, seier Tomrefjord-trenar Cato Andreassen, og støttar avgjersla på det grunnlaget. Dag Nakken, Rekdal sin trenar i Fiksdal/Rekdal, seier han ikkje var overraska og at avgangen låg litt i korta. - Rekdal har gjennom media uttrykt frustrasjon over det han meiner er klubbleiinga sine manglande ambisjonar, seier Nakken til Bygdebladet. På Facebookk skriv han spøkefullt at Rekdal ikkje kan rekne med å få jobb som assistent under han i Fiks/Rek.