(Vestnes Varfjell - Blindheim 1-4) Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor (bildet) er nådelaus etter kampen mot Blindheim fredag. - Dette var heilt klart den dårligste kampen vi har spelt, ikkje berre i år, men dei to siste åra, seier Connor til varfjell.no. 3.-divisjonslaget frå Sunnmøre vann til slutt 4-1 i ufyseleg spelever i Parken fredag kveld.
Blindheim hadde kanskje litt meir trøkk når dei kom i angrep, ellers var det stort sett jamnt i første omgang. Det einaste målet i omgangen kom etter at eit dårlig tilbakespel vart snappa opp og sett enkelt i mål.
Vestnes Varfjell 1
Blindheim 4 Pause: 0-1 Treningskamp
Vestnes idrettspark
Fredag 16. april 2007 kl 20 Tilskuarar: 20 Mål: 1-3 sjølvmål Dommar: Johnny Svendsli, VVIL Vestnes Varfjell (4-5-1): Marius Sivertsen Ørjan Tangen Yngve Solevågseide Anders Jørn Neraas Nirut Mjøs Elling Olafsen (Tommy Solvågseide) Tarjei Rypdal Eide Karl Arne stokkeland Jakob Talbeg Tommy Kanishi Andreassen Jan Tore Eik (Per Kristian Os Nakken) |
- Før dette hadde vi skapt noen få sjanser, men lite trøkk og manglende presisjon gjorde at vi ikkje klarte å score på relativt gode overgangssjansar, seier Connor.
Andre omgang vart enno verre. Gjestane auka til 3-0 før Vestnes Varfjell reduserte på eit sjølvmål etter ein dødball.
- Eg trur ikkje vi skapte en einaste sjanse i 2 omgang. Og det har aldri skjedd før. Vanligvis presterer laget best i den offensive delen av spillet. Men i dag var vi heilt ufarleg, seier Connor.
Han sto sjølv over med skade. Laget mangla også Tore Akselsen og Ronny Leikarnes offensivt.
- Det er irriterende at vi nok ein gang ikkje kan stille med det beste mannskapet grunna skader og arbeid. Men uansett så var Blindheim nokså overlegne i dag. Synes faktisk at Blindheim har vært det beste laget vi har møtt så langt i år, konkluderer Vestnes Varfjell-trenaren.
Neste kamp er mot Langevåg onsdag 4. april, også det heime i Vestnes idrettspark. Deretter ventar Blindheim igjen andre påsekdag, denne gongen på bortebane.
- Det var heilt grusomt, spesielt 2 omgang. Sjølv om enkelte spiller til tider veldig bra, så hjelper det ingen ting når det kollektive svikter totalt. Ikkje minst offensivt var vi i dag heilt håplause, seier Connor.